Dette dokumentet fastset dei grunnleggjande prinsippa og metodane for førebuing og utarbeiding av terminologiar både i standardiseringsarbeid og elles. Det omtalar koplingane mellom referentar, omgrep, definisjonar og nemningar. Det fastset òg generelle prinsipp for danning av termar og eigennamn og formulering av definisjonar.Dette dokumentet gjeld for terminologiarbeid på vitskapelege, teknologiske, industrielle, rettslege, administrative og andre fagområde.Dette dokumentet fastset ikkje reglar for presentasjon av terminologiske oppslag i internasjonale standardar, noko som er handsama i NS-ISO 10241-1 og NS-ISO 10241-2 .